Historia bak Oldevatn Camping

1969 – 1981 | Andreas W. og Asbjørg Sunde

Det heile starta på ”Sundeodden” på Mindresunde. Det vi i dag kjenner som Oldevatn Camping var ein liten potetåker. Etter sjukdom på potetene, sådde familien Sunde gras istadenfor poteter våren i 1969. Det vart grønt og frodig på denne majestetiske plassen, så heilt utan forvarsel begynte turistar å slå seg ned med både telt og campingvogner. Andreas W. og Asbjørg Sunde som dreiv garden såg potensiale i dette, og sette opp ein heilt enkel 1-manns utedo. Dette var før kassaapparatet kom, så far til Andreas, Wilhelm Sunde, gledde seg til kvar kveld han kunne ta med pengepungen å spasere ned å innkassere pengar frå turistane.

I 1970 bygde familien eit sanitærbygg. Dette var av god standard, og hadde både herre- og dameavdeling. Der var både dusj og toalett, og vart tatt godt i mot. Dette er hytta vi i dag kjenner som hytte nr 1.

Etter dette, bygde dei ei ny hytte for kvart år som gjekk. Alle hytter vart bygde utan innlagt vatn. Hytte nr 4, også kalt ”Mørehytta” frå gammalt av, er eit gammalt lafta hus frå 1800-talet som vart kjøpt og demontert på Sjøholt, frakta og gjenreist på Oldevatn Camping i 1973.

1981 – 2012 | Vilhelm Alfred Sunde og Inga Gullbjørg Sunde

I 1981 overlet Andreas og Asbjørg drifta til sonen Vilhelm Alfred Sunde og kona Inga Gullbjørg Sunde. Dei bygde nytt sanitærbygg i 1985, bygget vi i dag kjenner som resepsjonen. Halve bygget var sanitærbygg, medan den andre halva var resepsjon. Same år bygde dei 4 små terrassar.

Hytte 8 vart bygd i 1981 av dansken Henry Karlsen. Han hadde gjort ein avtale med Andreas om at han skulle få bygge ei hytte, og ha bruksrett på denne så lenge han klarte, men at grunnen framleis skulle tilhøyre garden. Vilhelm kjøpte hytta tilbake til garden i 1993.

Då breane voks seg så store på 1990-talet og snøsmeltinga starta på våren, vart plassen ved vatnet oversvømt av smeltevatn. På det verste vaks vatnet seg så stort at det gjekk heilt opp til vegen som går gjennom campingen i dag. På grunnlag av dette, valde Vilhelm og Gullbjørg å fylle ut plassen med masse til slik vi kjenner den i dag. Det vart fylt på ca 1 meter i høgda med masse. Vi anslår det til ca 4000 m3 med masse, så det vart nokon lass.

Hytte 7, også kjent som ”gamlebutikken”, er ein tidlegare landhandel som var driven i ca 10 år fram til tidleg 1960-talet av Andreas W. Sunde. Området rundt ”gamlebutikken” vart ikkje involvert i campingdrifta før tidleg på 1990-talet. Grunna oversvømmelsar frå snøsmeltinga, valde Vilhelm og Gullbjørg å heve og fylle ut plassen nedanfor ”gamelbutikken” i 1995.

På hausten i 2002 begynte arbeidet med eit nytt sanitæranlegg. Dette stod klart i 2003 og er det sanitæranlegget som står der i dag. Same år byrja Vilhelm å planere ut dei to øvste terrassane vi har i dag.

2012 – 2015 | Andreas og Anne

I 2012 overlet Vilhelm og Gullbjørg drifta til sonen Andreas og kona Anne. Dei såg at dette kravde meir og meir arbeid, samstundes som dei ikkje ville sleppe jobbane sine, så etter 3 sesongar, overtok Vilhelm og Gullbjørg drifta igjen.

2015 – 2016 | Vilhelm Alfred Sunde og Inga Gullbjørg Sunde
2016 – | Cecilie Sunde og Per-Johnny Tenden

Vilhelm og Gullbjørg dreiv i eit år, før dei overlet drifta til dottera Cecilie Sunde og mannen Per-Johnny Tenden i 2016. Dei sa opp jobbane sine, hadde nylig fått 2 små barn, og flytta heim til garden. Før 2017 sesongen totalrenoverte dei hytte nr 3,4,5,6 og 7, lagde fleire plassar for faste vogner, flytta leikeplassen, samstundes som det vart investert i fleire aktivitetar til barn og unge. Før 2018 sesongen vart det bygd ny leikeplass på 700 m2, samt at hytte 8 vart totalrenovert.

I dag er Oldevatn Camping drive av Cecilie Sunde og Per-Johnny Tenden, men med god hjelp frå familien.