Oldevatn Camping

Oldevatn Camping ligg idyllisk til ved Oldevatnet omkransa av fjell og isbrear. Når snøsmeltinga set i gang endrar Oldevatntet farge til ein særegen turkis farge som mange av våre gjester aldri har sett liknande tilfeller av tidlegare. Oldevatn Camping vart klassifisert med 4 stjerner i 2003, samme året som vi bygde nytt sanitæranlegg. Sanitæranlegget er godt velholdt og framstår i dag som nytt.

OLDEVATN CAMPING

 

Oldevatn Camping ligg idyllisk til ved Oldevatnet, omkransa av fjell og isbrear.

Vårt hovedfokus er service og reinhald, samt eit  variert aktivitetstilbud i alle aldersgrupper. Vi kan by på leikeplass, fri bruk av syklar og båtaktivitetar,  samt ei mengde med turalternativ i skog og mark.

Gratis trådlaust internett på heile campingplassen.

Resepsjonen har eit enkelt utval av nødvendige  matvarer, og serverar ferske brød og rundstykker kvar morgon.

Hytter av høg kvalitet med moderne standard,  samt ein fint opparbeidd campingplass for bobilar, campingvogner og telt.

Oldevatn Camping ligg 10 minutts køyring frå Olden sentrum, i retning Briksdal.

Familiebedrift

Familien Sunde har skapt og drive Oldevatn Camping sidan slutten av 1960-talet. Ekteparet Vilhelm og Gullbjørg Sunde bygde opp plassen, før dattera Cecilie tok over drifta i 2016. Cecilie og Per Johnny dreiv plassen til og med 2020. I 2021 overtok Andreas og Anne drifta igjen.

Fornøgde gjester er det vi lev av, så vi gjer vårt ytterste for å yte det lille ekstra for gjestene våre.

Klikk her for full historie om Oldevatn Camping

Kontakt oss